Tangenten 4/2003


Mona Røsseland

Matematikkverkstad

Etter eit besøk hos Annie Selle og matematikkrommet på Hovinhøgda, fekk eg inspirasjon til å lage eit matematikkverkstad for 4.-klassen min. Sidan skulekassa er tom, var den største utfordringa å få til eit opplegg som ikkje kostar noko særleg.
I tillegg til matematikk, legg eg faga kunst og handverk og norsk til verkstaden. Eg ser det som svært viktig å ivareta elevane si skaparevne og kreative side. I tillegg prøver eg å setje fokus på den matematikken som naturleg ligg i samband med oppgåvene. Elevane arbeider i grupper på 2–4, og diskusjonane i gruppene er eit av hovudmåla med verkstaden. Elevane må setje ord på det dei heldt på med, og dette er svært viktig for omgrepslæringa.
Kor mange lærarar som kan vere med under verkstaden er viktig. Vi har prioritert å leggje fleire delingstimar til verkstaden, slik at vi har fleire lærarar og assistentar med. Sjølvsagt er det av stor verdi at elevane snakkar saman, men den aller største læringseffekten blir det når ein voksen kan reflektere saman med elevane og vere ein brubyggjar mellom elevane sitt språk og dei matematiske omgrepa.
Verkstaden er også eit fint høve for tilpassa opplæring for alle elevane. Dei får arbeide ut frå sine føresetnadar, og verkstaden legg til rette for at elevane skal samarbeide og hjelpe kvarandre. Mi erfaring er at dei sterke elevane er flinke til å forklare og hjelp dei litt svakare.

Praktisk organisering

Verkstadsstasjonane som står skildra her er laga med tanke på 4. klasse, men med litt tilpassing vil dei fungere fint både i 3. klasse og på mellomtrinnet. Vi har verkstad i bolkar gjennom året, og har da fire timar samanhengande ein gong i veka. Elevane er ved same stasjonen i fire timar, og så går dei til ein ny stasjon neste veke. I neste verkstadsperiode vil dei på ny vere innom alle stasjonane.
Det varierer kor mange stasjonar vi har i kvar bolk, for det er mange omsyn å ta. Færre stasjonar gjev fleire elevar på kvar stad, men samstundes får dei vaksne færre postar å forholde seg til. Har vi fleire stasjonar enn vaksne, må ein lærar ha ansvar for fleire stasjonar. Det går heilt fint når ein berre samkøyrer kva stasjonar som treng mykje lærarhjelp og kva som treng mindre, t.d. spelstasjonen.
Ved kvar stasjon får elevane utdelt eigne stasjonsark som fortel kva elevane skal gjere. Oppgåvearket er delt i to; første delen seier kva dei praktisk skal gjere, og andre delen stiller ein del matematiske spørsmål. Elevane arbeider praktisk på stasjonane i om lag 2,5 skuletimar, så begynner dei å skrive i loggane sine.
Dette er ein viktig fase i verkstaden, for no skal elevane skrive ned oppdagingane sine i loggbøkene. Dei skal prøve å finne svar på dei matematiske problemstillingane som kjem sist på arka. Det er ikkje meininga at alle elevane skal svara på alle oppgåvene. Eg har prøvd å lage ein progresjon i vanskegraden, slik at alle skal få utfordringar på sitt nivå.

Dei ulike stasjonane

Eg vil her gå gjennom eit par av stasjonane. Stasjonsark finn du bak artikkelen. Fleire finn du her.

Pinnestasjon

Utstyr: Pinnar/kvistar som vi har funne ute i naturen. Dei er kutta i tre forskjellige lengder; 5 cm, 1 dm, 15 cm. Limpistolar, lim og tynn ståltråd til å binde pinnane saman. Papplater til å setje byggverka på. Elevane kan med fordel arbeide på golvet. Stasjonen krev ikkje ein lærar heile tida. Elevane arbeider sjølvstendig, og dei treng ofte lite hjelp i sjølve byggefasen.

Skulptur i papp

Utstyr: Papp, papir, blyant, linjal, silkepapir, tapetkniv og maskeringstape. Vi har brukt ein litt tjukk type papp, der ein kan skjære eit snitt på den eine sida og så brette til ein kant. Det kan vere fint å få foreldra til å samle papp (til dømes når dei kjøper nye møblar).
Det er viktig at elevane først lager seg ei skisse av figuren dei vil lage, der dei nøyaktige måla kjem fram. Dei bruker maskeringstape til å lime figuren saman, men hugs at det kan vere fornuftig å skjære på eine sida av pappen og så brette. Silkepapiret har vi brukt til å dekorere kunstverka med. Også på denne stasjonen treng elevane litt plass, og dei kan godt arbeide på golvet, gjerne i same rom som pinnane. Vi gjer det slik at ein lærar har ansvar for både pinne- og skulpturstasjonen.

Generelle råd

Det er mange måtar å organisere slike verkstadar. Det er viktig å ikkje hengje seg opp i dei hindringane som vil dukke opp. Den største utfordringa vil ofte vere at det er mangel på vaksne, og då kan ein ikkje ha så mange stasjoner kvar gong. Eg har også hatt verkstad med ein og ein stasjon med heile klassen kvar gong, og det har fungert heilt fint. Problemet er då at vi treng mykje meir utstyr for kvar stasjon. Likevel er det nødvendig at det er nok vaksne i den siste fasen av verkstaden, for det er her mykje av den matematiske bevisstgjerninga skjer.
Etterkvart som elevane vert kjende med dei ulike stasjonane, vert dei meir og meir sjølvhjulpne og ikkje minst meir medvitne på matematikken som ligg til grunn for aktivitetane. Det er ein heilt anna diskusjon mellom elevane når dei er på ein stasjon for tredje gong, enn då dei var der første gong. Eg kan høyre at dei brukar eit meir matematisk språk som hjelper dei i samarbeidet og gjennomføringa av dei ulike stasjonane, og ikkje minst ser eg utviklinga i bruken av omgrep i loggbøkene.
Eit siste tips er å passe på at elevane tar vare på alle skissene og lappane som dei har skrive på under aktivitetane, for disse skal dei bruke i loggskrivinga .

Ta gjerne kontakt med meg: monross@frisurf.no. gjerne med idear til nye stasjonar.