Temanummer i Tangenten om fagfornying og kjerneelement

Tangenten nr. 4 i 2018 vert eit nummer der me ynskjer å setja fokus på fagfornyinga og kjerneelementa. Me oppmodar dei som er opptekne av dette til å senda oss tekstar om temaet. Aktuelle nykelord er:

  • ny læreplan,
  • kjerneelement,
  • læreplan og kompetansemål,
  • dybdelæring,
  • programmering,
  • progresjon,
  • matematikk i tverrfaglege tema,
  • matematikk som tenkjefag,
  • matematikk og læring,
  • lære å lære matematikk,
  • koding,
  • algoritmisk tenking, osv.

Frist for innsending er 1. oktober, men send gjerne før. Send til redaktør Rune Herheim.