Leder 4/2017

Kjerneelement

Læreplanane skal fornyast og Utdanningsdirektoratet utviklar kjerneelement for alle skulefag. Dei erstattar kompetansemåla me har i dag og skal bestå av sentrale omgrep, metodar, tenkjemåtar, kunnskapsområder og uttrykksformer. Dei vert styrande for kva elevar skal læra for å kunna meistra og bruka faget, og legg føringar for progresjonen og resten av innhaldet i læreplanen. Det kom heile 1200 innspel frå skule-Noreg på det fyrste høyringsutkastet. Engasjement frå lærarar og lærarutdannarar er viktig for kvaliteten.

Gledeleg nok er det funne plass til å legga vekt på matematikkfaget si sentrale rolle som føresetnad for elevar si aktive deltaking i samfunnet. Å utvikla elevar sine evner til å ta eit kritisk perspektiv på bruk av matematikk, tal og statistikk, diagram og tabellar, er viktig i seg sjølv. Å kopla matematikken i skulen med det som skjer utanfor skulen er viktig for at elevar skal sjå faget som relevant. Bruk av ekte, autentiske data, fokus på matematisk språk, argumentasjon og spørsmål og på det å forstå vert lagt vekt på i utkastet. Å bruka matematikk til å argumentera kritisk for eller i mot saker som opptek elevane kan gje auka motivasjon, meir positive haldningar og betre føresetnadar for ei djupare forståing. Det gir innsikt i faget og samfunnet, det gir grunnlag for demokratisk kompetanse. Det er ikkje nok å konkretisera med eple og bananar lenger, og å pugga uforståelege hugsereglar er ut. Elevar si undring og utforsking vert lyfta fram fleire plassar i utkastet, og det er akkurat det Smestad gjer i dette bladet når han skriv om potensiale for matematikklæring når elevar slepp fantasien laus.

Fylgjande seks kjerneelement er føreslått i det andre høyringsutkastet: Problemløysing og utforsking, modellering og bruk, resonnering og argumentasjon, representasjon og kommunikasjon, abstraksjon og generalisering og tal/talforståing, algebra, funksjonar og geometri. Dette er sentrale tema, men det er framleis naudsynt å diskutera innhaldet i kvart element samt korleis det kan knytast tydelegare samanhengar på tvers av elementa og til dei grunnleggjande dugleikane og tverrfaglege tema.

Det er med andre ord framleis arbeid å gjera. Det er vanleg i slike prosessar at mange ynskjer å få inn sine faglege fokus – det er mindre fokus på kva som skal ut. Likevel er det eit soleklart unnatak: programmering. Departementet har lagt føringar på at programmering skal inn i matematikkfaget. Viss det vert teke ut, viser det at engasjementet frå skule-Noreg nyttar.