Leder 3/2017

Rike oppgåver

Ein stor del av dette nummeret av Tangenten er via til temaet rike matematikkoppgåver. Rike oppgåver kan seiast å vera ein kontrast til dei ofte lukka og standardiserte øvingsoppgåvene ein er vant med i matematikkfaget. Me etterlyste difor tekstar om rike oppgåver som kunne utfordra og motivera elevar til å undersøka og bruka matematikk, og det har me fått.

Anne Karin Wallace og Renate Jensen skriv om korleis elever kan utforma og løysa oppgåver sjølve, utifrå konkrete, praktiske situasjonar. Elevane må henta data dei treng for å klara å koma fram til mogleg løysingar. Dei må vera kreative og sjølvstendige, for det er dei som avgjer kva som skal finnast ut, korleis det kan gjerast og kva informasjon som trengst for å finna ei løysing.

Anne-Mari Jensen og Anne-Gunn Svorkmo viser korleis fleirvalsoppgåver kan verta rike oppgåver. Det er føringane, fokusa og arbeidsmåtane som læraren legg vekt på som avgjer om oppgåver stimulerer til utforsking og ikkje berre avkryssing. Det handlar om å sjå mogelegheiter, og i fleirvalsoppgåver ligg det mykje potensiale i å bruka svaralternativa. Jensen og Svorkmo legg vekt på korleis det å skapa rom for diskusjon av ulike svaralternativ legg til rette for at elevar kan tileigna seg djupare forståing.

Susanne Stengrundet diskuterer korleis ein kan få fokus på dei mange faglege samanhengane knytt til eit matematisk omgrep som rektangel. I Signe Holm Knudtzon sin tekst får me sjå korleis enkle utfordringar som å dela drops og plukka blomar kan utarta seg til rike, matematiske diskusjonar der Pascal sin trekant brått vert aktuell. Bjørn Smestad utdjupar meir av det store utforskingspotensialet som ligg i Pascal sin trekant.

Øving og automatisering er viktig, men tekstane i dette nummeret får fram korleis oppgåver kan leggja til rette for utforsking, forståing og motivasjon som går utover kva ein kan oppnå ved å rekna på ferdig oppsette oppgåver i ei bok. Tre lærarar som har lyfta utforskande og rike oppgåver til eit nytt nivå, er Anne-Marit Selstø-Rathke, Linn-Merethe Kibsgård Godfrey og Terje Pedersen ved Rothaugen ungdomsskole. Dei vart i år tildelt Det norske videnskapsakademi sin lærarpris. Tangenten gratulerer og oppmodar alle til å lesa og bli inspirerte av intervjuet med dei.