Leder 2 2017

Potensiale for læring

«Kva kan me få til? Kva er mogeleg? Lat oss prøva å …!» Slike tankar opnar for variert og nytenkjande matematikkundervising. Det handlar om å tenkja nytt, også om når og korleis matematikk kan lærast. Det handlar om kva kontekstar som kan brukast til å læra matematikk og kjennskap til nokre av alle dei kontekstane der matematikk vert brukt. Bruksområdet til matematikk og barn og unge sitt læringspotensiale er ofte større enn ein kan sjå for seg. Likevel er det utfordrande å svara når elevar spør: «Kva er vitsen med å læra dette?»

I ein travel kvardag kan det vera krevjande å ha rom, energi og inspirasjon til å endra undervising, til å gjera noko anna enn dagen før. I dette nummeret er det fleire tekstar som me vonar kan vera inspirasjon til å tenkja nytt, til å gje elevar rom for å læra meir enn det som står i læreboka og til å leggja til rette for å oppleva at matematikk er viktig utanfor skulen.

Tonje Katrine Nordheim underviser matematikk på andre trinn. I teksten Proporsjoner i kjempenes land skriv ho om korleis elevane hennar arbeider med storleikar og proporsjonar i samband med at dei såg filmen SVK – Store Vennlige Kjempe. Trass i at elevane berre er 6–7 år, viser dei, mellom anna gjennom teikning, at dei har utvikla forståing for formlikskap, forholdstal og proporsjonar som er kompetansemål fyrst etter 10. trinn.

Morven Muilwijk skriv i teksten Ekte data om korleis elevar i vidaregåande skule kan bruka lokale og globale vær- og CO2-data i arbeid med funksjonar og statistikk, i GeoGebra og Excel. Brått viser det seg at regresjon, stigningstal og topp- og botnpunkt ikkje berre er noko ein driv med i matematikktimane. Dette er naudsynt kunnskap for å vera i stand til å seia noko om kor fort temperatur og CO2-innhald i atmosfæren endrar seg. Tor Inge Vethe mfl. har også utforsking av ekte data og klimamålingar som tema i sin fagfellevurderte artikkel der dei diskuterer kritisk kompetanse. Fokuset på kva matematikk vert brukt til, finn me att i spalta Matematikk og arbeidsliv. Elevar frå Rothaugen ungdomsskole har undersøkt kva matematikk som trengs for å utøva ulike yrker, og teksten i dette bladet handlar om matematikk som ligg til grunn for økonomiske val i musikkbransjen.

Til neste nummer av Tangenten ynskjer me velkomne tekstar om rike matematikkoppgåver som utfordrar og motiverer elevar til å undersøka og bruka matematikk. Tekstane til Nordheim og Muilwijk kan lesast som inspirasjon også til å det.