Leder 1/2017

TIMSS og Holmboeprisen

I november 2016 vart resultata frå TIMSS-studien (Trends in International Mathematics and Science Study) 2015 lagt fram. TIMSS testar elevar i matematikk og naturfag på 4./5. og 8./9. trinn. Norske 5. klassingar er på europatoppen i matematikk – akkurat som TIMSS 2011 viste. På 9. trinn er me på øvre halvdel. Det er signifikant framgang frå 2011, med statistikk som styrke og algebra som utfordring.

TIMSS-studiar kan gje viktig kunnskap om læring og undervising i matematikk. Samstundes er det naudsynt at me stiller oss kritisk til testar som TIMSS inneheld. Det er utfordringar knytt til at ein felles test skal fungera godt i mange land som er ulike når det gjeld historie, kultur og tradisjon. Det kan til dømes vere avgjerande for elevar å få oppgåver knytt til matematiske og sosiale kontekstar dei er kjende med. Dette kan sjåast i samanheng med poenget Sriraman lyfter fram i føreordet til boka Critical Mathematical Education frå 2016: TIMSS er tufta på ei oppfatning av at born i alle land har behov for den same matematikk-kunnskapen. Det er tvilsamt om det er tilfelle.

TIMSS-studiane kostar frykteleg mykje pengar. Kva kunne ein fått til viss pengane hadde blitt brukt på anna vis? TIMSS-testane er i hovudsak summative. Når så mykje ressursar vert brukt på ein test burde ein i større grad brukt han i læringsarbeidet vidare for elevane. Ein skal vera merksam på at ein testkultur kan fremja ein praksis der undervisinga har for sterkt fokus på gode testresultat.

Holmboeprisen framstår som kontrast til TIMSS-studien sine tendensar til å vera dømmande for lærarar og den jobben dei gjer. Prisen vert kvart år tildelt matematikklærarar som utmerkar seg som særleg dyktige og nytenkjande om matematikkundervising. I 2016 gjekk prisen til Ingunn Valbekmo. Leiaren i Norsk Matematikkråd, Brynjulf Owren, skriv i dette nummeret at Valbekmo har fått prisen for sitt engasjement for matematikkundervising, og for at ho har utvikla ein undervisingspraksis med positive ringverknadar for heile kollegiet ved Byåsen skule. Det er kjekt at me har ein artikkel av Valbekmo i dette nummeret der ho skriv om korleis ho brukar realistiske kontekstar med fokus på elevars utforskande læring og deira diskusjonar om og med matematikk. Me har òg ein artikkel av Birthe Vestergaard som skriv om korleis ein kan rekna med logaritmar slik at det vert forståeleg for elevar. Vestergaard var ei av dei fire som fekk heiderleg omtale av Holmboepris-nemnda.

I september har Tangenten temanummer om berikende oppgaver. Valbekmo og Vestergaard kan lesast som inspirasjon til det. Informasjon og oppmoding finn du på indre omslag.