Leder 4/2016

Femårig lærarutdanning

Studentane som hausten 2017 startar si grunnskulelærarutdanning vert fyrste kullet der alle skal studera i fem år. Dei vert òg det fyrste kullet der alle skal skriva ei masteroppgåve. Kva fører dette med seg? Kva kan studentane venta seg? Kva kan skulane venta seg – sumaren 2022?

Det er krevjande å studera i fem år, og det er krevjande å skriva ei masteroppgåve. I dag er det eit mindretal av studentane som tek ein master, og dei vel det sjølve. Likevel er det nokre av desse som ikkje greier å koma i mål. Dersom dei starta utdanninga før 2017 kan dei likevel arbeida som adjunktar i skulen. I den nye utdanninga er derimot konsekvensane brutale viss ein ikkje fullfører – ein vert ståande utan formell kompetanse. Ein kan arbeida i skulen som ufaglærd, men kan ikkje få fast stilling som lærar. Når alle studentane no skal skriva ei masteroppgåve vert det viktig at dei i løpet av dei fire fyrste åra vert budde på kva eit masterarbeid krev.

Kva for lærarar vil den nye utdanninga gi? Kanskje er det nokre som fryktar at femårig utdanning med master vert ei for sterk teoretisering av utdanninga – at studentane får for lite erfaring med det som skjer i klasserommet, med læring og undervising? Planane ser ikkje slik ut. Både i grunnutdanning og på masternivå er det eit tydeleg fokus på at studentane skal læra å planlegga, evaluera og utvikla undervising. Bjørn Smestad, nytt redaksjonsmedlem i Tangenten, tek dette opp i sin artikkel. Han lyfter fram at skulane kan venta seg nye lærarar som har fordjuping i eit fag og erfaring med å prøva ut ulike typar undervising.

Det er ei gleda å ynskja Bjørn velkomen i redaksjonen. Han er dosent ved Høgskulen i Oslo og Akershus, og har delteke i prosessen med å få på plass femårig grunnskulelærarutdanning. Han er særleg interessert i matematikkhistorie, og når han skal gje eit døme på potensialet i den nye utdanninga trekkjer han fram det historiske perspektivet.

Skal ein få ein stadig betre skule må det òg satsast på lærarutdanning. I dette nummeret har Singh, Engelsen og Espeland fokus på lærarutdanning i ein fagfellevurdert artikkel. Dei tek for seg omgrepet pedagogisk improvisasjon i faget matematikkdidaktikk. Artikkelen deira er særleg aktuell i lys av ein fersk rapport frå Forskarforbundet som peikar på at det ikkje vert lagt godt nok til rette for lærarutdannarar si faglege utvikling. Med ei stor reform i lærarutdanninga vert det viktig å satsa på å utvikla kompetansen til lærarutdannarar.