Tangenten leder 3/2016

Det er ei stor æra å ta over som redaktør for Tangenten. Det er òg med skrekkblanda fryd – det vert både fagleg interessant og krevjande å fylgja etter dei tidlegare redaktørane i bladet. Stieg Mellin-Olsen var redaktør frå 1990–1995, Ole Einar Torkildsen frå 1995–2000, Christoph Kirfel frå 2000–2013 og Toril Eskeland Rangnes frå 2013–2016. Alle var kloke og dyktige redak- tørar, og det høver godt at me i dette nummeret har med eit intervju av Toril gjort i samband med Abelprisen 2016. Her deler ho tankar om matematikkundervising, om barn og unge si interesse for realfag og kva rolle realfag kan spela i samfunnet. Takk, Toril!

Tangenten sitt fulle namn er Tangenten – tidsskrift for matematikkundervisning. I tråd med namnet ynskjer me eit breitt spekter av tekstar med relevans for matematikkundervising. Me oppmodar lærar og lærarutdannar, student, yrkesaktiv eller pensjonist, til å skriva tekstar som personar opptekne av matematikkundervising kan ha gleda av å lesa. Teksten om lavvoar, som framsidebilete til dette nummeret er henta frå, er eit god døme. Her har lærarar og lærarutdannar gått saman om å skriva ein tekst som fokuserer på matematikk knytt til det å setja opp ein lavvo. Som lesarar får me eit konkret døme på eit undervisingsopplegg, samstun- des som samisk kultur vert lyfta fram.

I løpet av dei siste åra har Tangenten arbeidd med publisering av fagfellevurderte forskings- artiklar på nivå 1 (maks ein slik tekst per nummer). Det tek tid og krefter å få på plass eit apparat til å vurdera og utvikla desse tekstane. Det viser seg krevjande for forfattarane å skriva artiklar som både skal kommunisera godt med Tangenten si målgruppa i barnehage og skule, samstundes som dei er akademisk solide når dei presenterer og brukar teori, er tydelege på metode og viser fram grundige analysar. På grunn av dette er omfanget av desse tekstane auka til 10 sider (sjå retningsliner på www.caspar.no), og utvikling av gode rutinar som støttar skriveprosessane vert viktig. Me ynskjer å få til eit tidsskrift med ein tydeleg populærvitskapleg profil, og der ein i ein del av nummera får høve til å lesa forskingsartiklar retta mot både barnehage, skule og lærarutdanning i matematikk.